Ein lærer som eg huskar godt er gymlæraren min. Ho er kanskje ikkje prototypen på den barmhjetige, den akademiske sterke, den strenge eller den humoristiske læraren, men ho utstrålte ein holdning som er verdt å streve etter.
Eg har vært imponert over hennar væremåte frå første gang eg såg ho. Ho er ein gymlærer som er lam fra midten og ned. Ho har alltid vært ei aktiv og sprek dama heilt til ho var utafor ei ulykke som førte til eit liv i rullestol. Ho lot ikkje rullestolen komme i veien for det ho liker å gjera, blant anna sport og fysisk aktivitet.
Ho gjekk foran som eit godt eksempel på korleis man kan takle vankelighetene som møter oss. Ho overførte ein holdning til elevane som gjekk ut på at selv om ting virker umulig så er det fleire sider av eit problem og forskjellige måter å løysa det på. Ho er eit forbilde på at i møte med hindringer så lønner det seg med hardt arbeid og tålmodighet i stedet for å gje opp.
3 kommentarer:
Dette var jammen imponerande, ein lam gymlærar i rullestol! Kan du utdjupe korleis ho løyste læraroppgåvene og korleis ho påverka deg?
Av nokon heilt åpenlyse grunner kunne ho ikkje alltid vera med i sjølve spillet, men ho var alltid aktiv med i observasjon og tilbakemelding. Ho hadde eign heilt oppriktig måte å gje ros på samtidig som ho balanserte det med konstruktiv kritikk. I begynnelsen av gym timane gjekk ho igjennom teori og diverse teknikker. Teorien blei alltid lagt fram i klar tale så det var enkelt å forstå, og ho fortalte det med eit engasjement som gjorde at man lettare gleda seg til å setta i gang. Alle i klassen var ikkje lika glad i kroppslig bevegelse, men ho hadde ein eigen måte å få alle inkludert i spillet.
Tilpassa opplæring synes eg ho gjorde ein god jobb med. Nokon i klassen hadde for eksempel senebetennelse og dette gjorde diverse idretter som innheldt bruk av hender vanskelig. Då lagde ho eit eget program som dei kunne følge i dei timane vi hadde idretter som var vanskelig å gjennomføre med betennelsen.
Ho var også interesser i å prøva nye ting de elevane sjølv kom med forslag. I stedet for å berre spela fotball så var vi blant anna på kajakktur.
Det er mange gymtimer som har festa seg i hukommelsen der ho var med i spillet. Eit eksempel er at ho var med å spela ”stikkball”, noko som ho var ikkje eksepsjonelt god i. Ho blei lettare truffet enn mange andre, men ho tok ofte dei ho skaut etter. Men det som sitter igjen etter dei gymtimane er at ho som alle andre var med og prøvde og feila og prøvde igjen, og alt dette gjorde ho med godt humør. Med at ho var med i spillet skapte ho ein god og uhøytidelig stemning.
Mange i klassen, inkludert meg, sammenligna ofte prestasjoner. Vi hadde ein eg mot verden innstilling. Noko av det vi lærte i disse gymtimane var samarbeid, fokus på fellesskapet. Det er ikkje alt man rett og slett greier åleina. Vi hadde mange lagidretter der man må kunne jobbe sammen med andre for å få dei ønskelige resultata.
Det eg set mest igjen med etter disse gymtimane er ho som person og forbilde. Ho var positiv og engasjert i alt me skulle gjera. Hadde ho vert kjempe sprek og jevnt over kjempe god i alle idretter så trur eg at eg ikkje hadde syns at det var noko tess med gym. Men ho fekk det ikkje alltid til ho heller, men ho hadde ein ”eg prøver om igjen” innstilling. Ho fokuserte ikkje alltid på prestasjoner, men på innstilling. Det viste seg også at som oftast når man hadde ein negativ innstilling til noko så blei ikkje verken kjekt eller bra gjennomført. Eg merka at innstilling har noko å sei på det ønskelige slutt resultatet.
Dette er ein av dei mest imponerande lærarane eg har har høyrt om, utan tvil!
Legg inn en kommentar