søndag 7. september 2008

Lærar? Kvifor?


Eg har lenge vore usikker på hvilket yrke eg skal velga. Heilt sia ungdomsskulen har tankane kverna rundt dette spørsmålet. Det er ganske mange yrker som har frista opp gjennom åra, alt i frå flyvertinne til arkeolog. Så kvifor lærar? Når eg begynte på HSH så var eg faktisk fortsatt ikkje sikker på kva svaret mitt ville bli!

Noko som har gjort at lærar ikkje automatisk har vært førstevalget for meg, er presset som blir lagt på ”den gode lærer”. Dei fleste rundt omkring har ein historie om eit møte med ein dårlig lærar. Eg vil helst ikkje bli ein slik historie.


Ein lærar har ein stor rolle i barnas oppvekst og i samfunnet generelt. Læraren er med å bidra til å utruste den neste generasjonen som veks opp. Det som har helde meg tilbake i mitt yrkesval er om eg kan greia å fylla denne rollen.


Ein bekjendt av meg som har vore i læraryrket i mange år sa nylig noko som festa seg hjå meg. Ho nemnte i ein digresjon kor spesielt det er å få vera med å sjå barn utvikla seg vidare og veta at du har vore med å bidra i utviklinga. Det er dette eg også vil. Dette er vel ein av dei underbevisste grunnane til at eg til slutt valte lærar. Eg vil vera med å sjå elevane ta eit og eit skritt vidare, gjera forbetringar. Vera med å skapa lese- og skrivelyst. Få sjå at elevane får bruka sine evner og kreativitet i eit trygt miljø som gjer at dei kan utvikla seg vidare.

Så dette er vel hovudgrunnen til at eg vil bli lærar. Eg vil vera med å bidra positivt i barn og ungdoms si utvikling, både på skulen og i det personlege liv.

1 kommentar:

Steinar sa...

Hei! Eg er heilt einig i at det er svært givande å få vere med å bidra til at elevane utviklar seg, det er ein god grunn til å bli lærar. Korleis ser du på lærarar sine mange roller og oppgåver? Er det nokre av desse som tiltalar deg meir enn andre?