torsdag 2. oktober 2008

Undervisningsplanlegging




No er det ikkje så lenge til vi atter ein gong skal ut i praksis og denne gongen skal vi også bli kasta ut i undervisningens verden. Eg har enda til gode å prøve å stå som ein lærar framfor ein klasse. Det er ein situasjon som eg ikkje har vært i før. Det som er viktig for meg når eg då ein dag skal stå fremfor elevane, er at dei skal få eit positivt utbytte av det som blir sagt og gjort. Det er mange forskjellige forutsetninger som ligg til grunn for barns læring og det er mange hensyn som må takast. Blant anna kjønn, kulturell bakgrunn, erfaringer og lignende Eg håper å få lære meg å ligga opp undervisningen med vekt på fleire forskjellige arbeidsmåter slik at elevane får fremlagt fagstoffet på ein måte som dei kan forstå. Dette er noe som trenger mykje planlegging og omtanke.

Denne uka har vi fått ein gjennomgang i eit godt hjelpemiddel som eg trur eg kjem til å bruka mykje når eg planegger økter og timer. ”Diamanten” med sine 6 likestilte faktorer som påvirker kvarandre. Det var ganske beroligende å få utdelt eit konkret materiale som man kan jobbe ut i frå. ”Diamanten” er en didaktisk relasjonsmodell som eg trur blir et bra redskap for planlegging av undervisning, og til å reflektere over den gjennomførte økta i etterkant. Ei undervisningsøkt som er godt planlagt vil nok redusera usikkerheta mi før ein undervisningstime, men som det har vist seg så går ikkje ting alltid som planlagt, derfor er det vel også viktig å ha med seg ein god dose fleksibilitet inn i klasserommet.

Eg rekner med at praksisen kjem nok til å bli annerledes enn det å jobbe med teorier.



4 kommentarer:

Steinar sa...

Det er ein funklande diamant du har tatt utgangspunkt i, og eg håpar den vil hjelpe deg og knyte saman teori og praksis.

Kor i diamanten, dvs. kva kategori vil du begynne med når du no snart skal planlegge ei økt i matematikk, og kvifor det?

Ravn sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Ravn sa...

Hei, dette er neimen ikkje lett, her har me altså fått i oppgåve å kommentera kvarandres bloggar, det skal vera konstruktivt og helst positivt. Det er lettare sagt enn gjort. Ikkje missforstå, eg meiner ikkje at det er umogeleg å seia noko positivt om det du skriv, snarare tvert om, men kvar skal eg ta fatt? Eg kunne sjølvsagt berre skrevet: "Bra, eg er einig." Kanskje litt for enkelt, og det ville ikkje gitt deg så mykje attende anna enn at du då ville veta at eg er einig, noko som kanskje er bra, men som ikkje bør vera noko mål i seg sjølve.
Ok, på tide å prøva i vera konstruktiv.
Det første eg bit meg merke i er at du skriv at du aldri har stått føre ei klasse å undervist, og at du er litt nervøs av den grunn. Mitt råd er å ikkje tenkje for mykje på dette. Elevane tenkjer sansynlegvis ikkje på deg som ein uerfaren student men på ein ein vaksenperson. Dersom du er godt bydd og klarar å halde roen vil dei ikkje sjå nervøsiteten din. Dei einaste som heilt sikkert kjem til å sjå den er øvingslæraren din og medstudentane dine i praksisgruppa, dei siste er i same situasjon som deg, ikkje gløym det. Øvingslæraren din er heller ingen "fiende", hovedoppgåva hennar er å rettleia studentane sine. Det ville vore merkeleg om ikkje ho ønskte å sjå studentar som "bløme" i klasserommet. Ein annan grunn til at du skal ta dette med ro er at du er ein type menneske som ikkje vil få problemer med dette. Eg kan ikkje seie at kjenner deg særskildt godt endå, og eg kan heler ikkje seie eg har kjendt deg veldig lenge.Det er likevel lett å sjå at du har dei anlegga du treng for å lukkast med å jobbe med born.
For å oppsumere, slapp av og vær deg sjølv. Og som vi seier i speideren: Vær bydd!
Du skriv og at det er mange hensyn å ta, med tanke på kjønn, kulturell bakrunn ol. Kan ein bli så opphengd i å ta hensyn at det kan virke mot si hensikt?

Silje sa...

Altså, dei individuelle hensyna bør vel ikkje gå på bekostning for fellesskapet.
Ved å overfokusera på bagasjen til hver enkelt elev, kan det være med å hindre utviklingen til eleven.